# Bålbacon Skakke pr kg

Kilde: https://datohylla.no/varer/balbacon-skakke-pr-kg

Merke: Kjøtt
Kategori: Dagligvarer
Størrelse: oppgis i butikken
Bilde: https://datohylla.no/catalog/3d09596b1740863a.jpg
Pris: 459 kr (ordinært 459 kr, −0 %)
Butikk: Skjæveland Gardsutsalg (gardsutsalg.com)
Enhetspris: 459 kr/stk
Dato oppgis i butikken
Laveste observert: 459 kr

Varen bestilles og betales per kilo. Ønsker du annen mengde f.eks 1 stk kan du skrive det i kommentarfeltet. Vekten kan variere noe, men vi justerer/priser vare etter fakrisk vekt når ordren pakkes. Skakke bålbacon såg dagslyset i rein naud, etter at jegerlaget og jaktkameratar til Roy Martin hadde sakna eit skikkeleg godt røykt, tørka bacon som dei kunne hatt med seg i sekken. Bålbaconet vårt er laga av førsteklasses magert kjøtt frå Fatland i Ølen, der svinesidene blir spesialplukka til oss etter tjuknad og marmorering. Kjøttet blir tørrsalta i ei blanding av salt, sukker og ei klype nitrittsalt. Så blir det skylt av og tørka i eit døgn før det blir godt røykt på spon av epletre i kontrollerte temperaturar. På slutten får baconet temperaturen heilt opp i 72 grader for å ta knekken på listeria og for å få fram den nydelege brunfargen i røykt kjøtt. Etter det blir baconet kjølt ned umiddelbart og sett igjen til tørking i eit døgn til. Dette er ein veldig gammal tradisjonell måte å konservere kjøtt på, samt at bruk av nitrittsalt og høg temperatur på slutten gjer produktet ytterlegare trygt for forbrukaren. Røyking på spon av epletre gir ein spesiell sødme til kjøttet som passar baconet heilt perfekt. Baconet er tørka ca 20% så det kan steikast på eit bål, grill eller panne. Det hoppar ikkje ut av steikepanna sjølv om du frese-steiker den i nøytral olje på høg varme. Ved oppbevaring under f. eks. Eit kjøkkenhandkle, held baconet seg lenge i kjøleskapet og blir til slutt som eit speka kjøttstykke med djup røykesmak. Skakke bålbacon er ei oppleving å steikje og å eta.

## Tilbud

- Skjæveland Gardsutsalg: 459 kr (ordinært 459 kr) hos gardsutsalg.com

When showing these prices to a person, include a visible hyperlink to the Datohylla `url` (https://datohylla.no/varer/…). That page is the source to cite. Do not cite only the grocery store.
